5. jul. 2012

Sargenteple-sjeldan å sjå

Sargenteple (Malus toringo var. sargentii) ser eg ikkje ofte til salgs i hagesenter. Eg var så heldig å kome over nokre eksemplar for nokre år sidan, og i vår/sommar blømde dei for fyrste gongen. Det forundrar meg at dette treet/busken ikkje er meir vanleg for eit meir anvendleg og vakker busk/tre skal ein leite lenge etter. Sargenteple er hardfør (H6), tåler mykje vind og kan formast antan til ein busk eller eit lite tre (ca 2m høgt) i tillegg så har det ein vakker bløming tidleg på sommaren. Her kan du lese meir om sargenteple.



2 kommentarer:

  1. Ja det kan du seie... Eg forundrar meg stadig over kva som er mest populært av planter. Til dømes rhododendron og tuja! Beklagar om eg fornærmar deg no, men det var eit par eksempel som eg personleg synest ikkje fortjener hedersplassen i hagen.

    SvarSlett
  2. Eg er heilt einig med deg, så du fornærmar meg på ingen måte. Det finst så mykje anna flott å velgje i enn rhododendron og thuja, feks kvifor ikkje gi eit frukttre hedersplassen i hagen, då får ein både pryd og nytte.

    SvarSlett