26. apr. 2013

Ljos, varme og levande jord

Vinteren har endeleg måtte vike for våren, men enno er det tele i jorda slik at det begrensar seg kva ein kan byrje med ute. Inne i kjellaren derimot har våren allereie kome godt i gang med flittig hjelp frå ein vårhungrig kar, og småplantane struttar av vekstkraft. Oppskrifta her er ganske enkel, rikeleg med ljos, varme, men ikkje for varmt og bruke den beste jorda ein får tak i. Og akkurat jord kan ein vel ikkje kalle det ein vanlegvis får kjøpt i sekk og blir kalla vekstjord, såjord, hagejord, staudejord ja, "you name it". Felles for alle desse produkta er at dei er basert på torv frå myr som har lite å gjere i ein hage. Dette er verken miljøvennleg eller berekraftig, og er ein storindustri som gjer store inngrep i sårbare myrområder. I Storbritannia har dei lenge hatt ein aksjon som heiter "no peat", og dermed har det dukka opp andre alternativ på markedet. Her i noreg finst det få alternativ, men Randesund Planteskole tilbyr eit alternativ som heiter Ø-kompost som er kompost av lupiner og lin, er Debio godkjent og har ein heilt annan jordstruktur enn den torvbaserte. Me bestilte oss like greitt ein heil palle i år. Prisen var høg i forhold til torvbasert vekstjord, dessverre så kostar det ofte meir å vere miljøvennleg, men når det betalar seg i form av sunne planter og godt samvit så er det verdt prisen.

Så her i garden går det plantesyssel med mange planter som skal plantast om i god og levande jord.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar