1. nov. 2011

Ny sauerase til gards

Etter to nødslaktingar under lambinga i vår bestemte me oss for at no var det slutt på å ha sau av typen Norsk Kvit Sau. I haust vart difor heile flokken sendt til slakt og sauer av rasen gammalnorsk spelsau vart kjøpt inn. Håpet er at desse skal ha mindre problem under lambing, ha ein meir generell beitepreferanse og kunne gi oss skinn av god kvalitet. Det gjenstår å sjå korleis dette går, men så langt er me godt fornød med den nye flokken, det er rolege, tillitsfulle og flotte dyr som eg synest passar betre inn i forhold til våre tankar kring det å drive gard. Du kan lese meir om gamalnorsk spelsau her






3 kommentarer:

  1. Så nydelige sauer! Vakre! Og for en vanvittig fin bekk/dam du hadde lagd! Moro å se bilder:-)Hilsen Frida.

    SvarSlett
  2. Gratulere igjen atså! Veldig fine.. Er det væren øverst? gløumte og sjå på den i alt oppstyret med elektrifisert hund :)

    SvarSlett
  3. Ja væren er øvst, trur kanskje ikkje den var komen til gards då du var her på besøk. Me er veldig godt nøgd med valg av rase, rolege og harmoniske dyr.

    SvarSlett