9. sep. 2011

Hagegleda

Når eg antan har jobba med tankegods, gårdsarbeid eller hatt ein lang dag i hagen likar eg godt å ta meg ein runde i hagen for å sjå på alle plantene, ta på, lukte på og gjerne smake. Då føler eg roen legg seg over meg alle bekymringar forsvinn som dugg for sola og skuldrane senker seg. Det er og kjekt å kunne løfte blikket og sjå kva ein har fått til, kor rommet rundt ein har forandra seg. Ofte er det slik at ein fort gløymer korleis det var og ikkje set pris på det ein har fått til og berre tenker på det som skulle ha vore gjort. Det er sjeldan ein er fornøyd med alt, men desto viktigare er det å setje pris på det ein er fornøyd med. I hagen min er det fortsatt mykje som ikkje er slik eg vil ha det, men så dukkar det opp eit stykke av eit bed som ein verkeleg er fornøyd med. Det som er så spennande når ein dekorerar med levande planter er dei stadige skiftningane, det som kan sjå ut som ein mislykka beplantning kan plutseleg vise seg å vere svært så vellukka. Hagen skiftar form og farge gjennom vår, sommar, haust, vinter og år.

Albarose og salvie (Salvia nemorosa
kler karandre godt

Riddersporer (Delphinium) og mjølkeklokke 
(Campanula lactiflora)

Blåtopp (Molinia caerulea) stryk seg oppetter
Kyss meg over gjerdet (Rudbeckia laciniata) 
Sjokoladekosmos (Cosmos atrosanguineus
rusar seg med tobakk (Nicotiana sylvestris) 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar