15. nov. 2011

Det kjem ein ny vår!

Ja heldigvis så er det ein vår å sjå fram til, og no i den mørkaste tida kan det vere fint å kunne gjere noko som bere bod om at det kjem ein ny vår. Og då er det vel nesten ingenting som passar betre enn å så. Mange vil vel sei at denne tida på året ikkje er den rette, men for nokre planter er det nettopp det. Mange frø av stauder, buskar og tre treng ein kuldeperiode for å bryte frøkvila og spirer best ved å bli sådd om hausten/vinteren og plassert ute under snøen .

Eg pleier å kjøpe inn mykje frø på hausten (okt/nov) og har frøsåing som ein fin romjulsyssel. Dessverre er det få frøfirma i Noreg som tilbyr frø av stauder, buskar og tre, og dei som finst har ikkje akkurat det mest spenstige utvalget. Men heldigvis så opnar internett opp for å kunne handle frø med mange ulike frøfirma. Her er det pengar å spare i tillegg til at ein kan drive fram mange spennande artar som ikkje er å få i vanlege hagesenter. Eg har handla frø på internett i mange år og har etterkvart funne nokre frøfirma som eg held meg til, både fordi eg er fornøyd og fordi dei har eit bra utvalg av frø.

Chiltern Seeds eit britisk firma som har utruleg mykje spennande, og det ser ut til at dei held god frøkvalitet. Mottoet deira er "Grow something new from seed" og dette passar godt då dei har eit stort utval av frø frå mange ukjente planter. Dei gir ut to katalogar, ein med frø av prydvekstar ein med frø av grønnsaker, minuset er det ikkje er bilder i katalogen, og det same gjeld tildels for nettsida.

Jelitto er eit tysk firma som har frø av mange ulike planter. Dette firmaet virkar som eit veldig seriøst firma som set kvalitet høgt, men dette avspeglar seg også i eit relativt høgt prisnivå. På den andre sida så får ein mange frø for pengane. Nettsida er grei å navigere i og det er bilder for mange av artane. Eg har veldig gode erfaringar med frø frå dette firmaet.


B and T world seeds er eit firma eg først stifta bekjentskap med i år. Dei har ein stor søkbar database og ser ut til å tilby frø frå utruleg mange forskjellige planter. Minuset er ei litt rotete nettside, få bilder og det ser ut til at databasen ikkje har sanntid informasjon om frø er tilgjengleg eller ikkje, så det kan ta tid før ein får bestillt vare.

Impecta Handels er eit svensk firma som eg har handla med i mange år, har mykje forskjellig både frø til stauder, urter, eksotiske planter, trer og buskar. Firmaet gir ut ein god katalog med bilder og det er lett å finne fram på nettsida. For den meir entusiastiske staude såaren er kanskje utvalget litt snevert.

I tillegg til desse kommersielle firma så finst det og mange bytegrupper ein kan melde seg inn i, f.eks Sällskapet Trädgårdsamatörerna tilbyr ei slik tjeneste der ein får tak i frø til ein billig peng.  

Til slutt vil eg berre gjere oppmerksom på at det er importreglar på frø, ein har lov til å bestille opptil 50 posjonspakningar i kvar sending og har sendingen verdi over 200  må ein betale norsk moms og toll. Så det er pengar å spare på å heller legge inn fleire bestillinar under 200 kr eller spørre om firmaet kan dele opp ein større sending. Ikkje alle firma er like "ærlege" på verdi av sendinga slik at ein slepp å betale norsk moms sjølv om sendinga er over 200 kr.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar