25. aug. 2012

Klatrehjelm, eller kanskje slynghjelm

På tross av bloggtittelen så skal eg på ingen måte skrive eit innlegg om ein fantastisk klatrehjelm til beskyttelse av hovudet når ein heng i tau på veg oppetter ei fjellside. Nei, planter opptar meg meir så her handlar det om ein mørk skjønnheit som blomtrar for fyrste gongen i hagen vår.

Det er ikkje mange år sidan eg vart klar over at storhjelmslekta også innheld artar som har eigenskapen at dei kan slynge seg. Aconitum hemsleyanum 'Red Wine' er ein av artane som har denne eigenskapen og det er ei vakker plante med eit litt mystisk slør over seg. Blomen har den typiske storhjelm fasongen, men fargen skil seg frå den vanlege blå varianten med ein mørk burgunder farge. Men den største skilnaden er veksemåten der den slynger seg oppetter klatrestativet.


Arten skal vere omlag like herdig (ca H7) som vanleg storhjelm, og vil demed klare seg i store delar av landet. Som mange av dei andre artane i slekta likar den seg i eit fuktig miljø med humusrik jord. Samstundes så treng den varme for vekst og bløming, så den ideelle plassen er der den har føtna i skyggen og hovudet i sola. I min hage står den i øybedet midt på plenen der det er rikeleg med sol. Jorda er heller ikkje spesielt næringsrik og det ser ikkje ut til å ha redusert verken vekst eller bløming.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar