Viser innlegg med etiketten Planter. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Planter. Vis alle innlegg

29. juli 2013

Elegant og enkel

Nøkkeroser høyrer vel til nokre av dei vakraste blomane i planteverda, så enkel og elegant. Den enkle forma er ikkje tilfeldig, for i lag med liljer og magnolia er blomen veldig enkelt oppbygd, den manglar nemleg den vanlege delinga mellom begerblad og kronblad.  

Det finst både kvite, gule og raude nøkkeroser, og med nyansar av desse. Det er hardføre planter som klarar seg godt i ein hagedam berre nokre få vilkår er oppfylt. Dei trivst best med røtene i leirhaldig substrat og vil helst ha stilleståande vatn, så fontene er ein dårleg kombinasjon i lag med nøkkeroser. Dammen bør heller ikkje botnfryse, så det krever minimum ein meters dybde på ein hagedam i kalde strøk. Skulle dammen vere for grunn går det an å oppbevare nøkkerosa fuktig og kaldt innandørs f.eks i ei bøtte med litt vatn i ein kald kjellar. 

Me planta nøkkerose i dammen vår i fjor, men først i år kom den med blom og langt berre ein. Og eg angrar ikkje, det er ei vakker plante som eg gler meg til blir eit blikkfang midt i dammen. At nøkkerose som mange andre prydplanter også kan etast er jo også eit pluss.




22. juli 2013

Pryd og nytte hand i hand


Det er ofte vanleg å dele hagen inn i ulike avdelingar, der prydhagen ofte er nermast huset og nyttevekst delen er lengst bort. På denne måten kan det bli ei lita amerikareise å finne seg litt salat til maten, og dermed så blir den kanskje gløymt der den står lengst borte i hagen. Grunnen til denne avstanden er at mange ikkje ser på grønsaker som vakre nok til å kunne vere ein del av prydhagen, mykje skyldast det tradisjonelle synet på ein hage full av vakre blomsterplanter. Heldigvis ser det ut til at dette er på veg å endre seg, det er blitt eit større fokus på å bruke jordflekken utanfor huset til å dyrke matvekstar. Men det er ingen grunn til å gi slepp på det vakre av den grunn, det finst mange vakre planter som både har prydverdi og nytteverdi.




Blomkarse (Tropaeolum majus) er vel kjent for dei fleste og er god som eit
pepperaktig innslag i salaten. 
Blomen på kornblomst (Cantaurea cyanus) er fin som eit fargerikt innslag i 
salaten

Rosafarga løvetann (Taraxacum pseudoroseum) er vakker i hagen og spede blad
om våren er god i salaten.

Prærieløk (Allium cernuum, 'Pink Giant') med blomar som eit nyttårsfyrverkeri er 
vakker og blad og løk kan nyttast til mat.

Nattogdag (Viola tricolor) er ein nøysom, og vakker plante der blomen er fullt
etandes og kandiserte fiolblomar kan nyttast som kakepynt.

At ein kan ete bladlilje (Hosta sp.) er vel ukjent for dei fleste, men samanrulla
blad om våren kan tilberedast som asparges.  
Ei hardfør ert med namnet Winterkefen er ein av dei få matertene som også har
vakre tofarga blomar, her får ein verkeleg både pryd og nytte.

Ein grønnkål variant med det flotte namnet Nero di Toscana kan fint brukast som
ei kontrastplante til meir fargesterke blomeplantar, at den er proppfull av
vitaminar og jern er eit fint tilegg.



13. juli 2013

"Norwegian summer"

Winterkefen, ei hardfør ert som kan 
både brukast til pryd og nytte.
I skrivande stund regnar det, vekslar mellom duskregn og høljregn, eigentleg veldig typisk at det regnar på denne tida av året. Riddarsporene står på birstepunktet til å blomstre, høgreeiste og stranke, men regnet tvingar dei ut av posisjon, men eg bryr meg ikkje, dei ser flotte ut uansett om dei er litt rufsete.

Det er blitt lenge sidan eg har skreve her inne, mest fordi tida ikkje har strukke til. I tilegg så må eg innrømme at hagegleda fikk seg ein knekk i år. Vinteren var hard og brutal, tok knekken på mange planter, planter eg har kjent frå dei var frø, og gitt godt stell til dei vart høge kjemper, som f.eks gjerdesolhatten med sine to meter. Kanskje det mest trasige er alle urtene i urtehagen som ikkje klarte vinteren, t.o.m hardføre planter som oregano og mynter gikk ut. Det blir som å ha mista gode sommargjester, dei som kjem årvisst kvart år, viser seg frå si beste side og ikkje krev så mykje tilbake.

Men eg gir meg ikkje så lett, eg har vestlandsblod i årene og dette har vore gjennom harde vintrar før, her er det berre å brette opp ermene og sjå forandringane som ein ny moglegheit, ein moglegheit til  å plante nye spennande planter.

Mykje av våren og forsommaren har gått til sårpleie, opne sår i bed har blitt midlertidig fylt med eittårige sommarplanter i påvente av meir permanente løysingar. Heldigvis sådde eg mange forskjellige spennande stauder i vinter, og desse har no spirt og vil på sikt gi mange nye planter.

Ei stor trøyst er at det har vore godt veksevær så langt i sommar, fin balanse mellom temperatur og fukt har gjeve god vekst for stauder, urter og grønnsaker som byrjar å vise seg frå si beste side.



Blomkarse i kålfeltet

Pastinakk som har overvintra, dekorativ og vil gi 
frø











Del av grønnsaksfeltet med fiberduktunnel og telt som
beskyttar bønner og selleri mot kaldt sommarvær







Blå kongo potet og bondebønne

29. okt. 2012

Framande frå Sør-Amerika

Eg synes det er spennande å prøve å dyrke noko nytt av både pryd og nyttevekstar, og i år hadde eg grønnsaker frå Sør-Amerika som tema. For det er ikkje berre potet og tomat som har sitt opphav herifrå, nei det finst eit utal av forskjellige vekstar. Nokre av desse kan ein attpåtil dyrke på friland i det nordiske klimaet då dei som poteta er tilpassa eit relativt barskt klima.

Gjennom Plantearven med planteklubben for potet og grønnsaker fikk eg tak i frø av quinoa (Chenopodium quinoa), knollar av oca (Oxalis tuberosa) og ulluco (Ullucus tuberosus). Quinoa vart sådd på friland i mai og oca og ulluco vart forkultivert innandørs i april og planta ut når faren for frost var over.

Quinoa tilhøyrer meldefamilien (Chenopodiaceae) og er ein slektning til dei meir kjende grønnsakene; rødbete, mangold, spinat, hagemelde (Artiplex hortensis) og Stolt-Henrik (Chenopodium bonus-henricus). Tradisjonelt har quinoa vore dyrka som ein kornvekst, der frøa er malt til mjøl, men i dag er den vel mest kjent som eit alternativ til ris i ein karbofattig diett. Frøa er proteinrike og har ein protein samansetning som er veldig gunstig. Personleg likar eg den og godt som ei bladplante til bruk i f.eks ein salat, har mykje same smaken som sin slektning meldestokk (Chenopodium album). Quinoa er lite kravstor, og er som sine slektningar lett å dyrke på all salgs jord. Blomen legg ein nesten ikkje merke til og eg vart overrsaka når eg såg at det var modent frø i topppen.   

Oca tilhøyrer gauksyrefamilien (Oxalidaceae) og det er lett å sjå med sine karakteristiske kløverlikande blad slik som vår norske art gauksyre (Oxalis acetocella). Til forskjell frå denne arten er det ikkje dei sure blada som er det interessante med oca, nei her er det rotknollane ein er ute etter. For oca dannar nokre knollar som liknar på nokre avstumpa gulrøter. Eg har enno ikkje smakt dei, men dei skal ha ein litt syrleg smak og kan tilberedast både kokt, baka, steikt, sursylta eller rå.  Oca er på lik linje med potet ei lite kravstor plante og er i heimlanda dyrka opp i 4000 m høgde. Ein vesentleg forskjell frå potet er at den først dannar knollar når daglengda blir kortare, og med det aukar faren for frostskade og dermed stopp i veksten. Eg opplevde dette i år, men heldigvis hadde det danna seg nokre knollar, og til neste år skal eg dekke den betre på hausten. Oca blir planta på same måten som potet ved at ein setter knollane i jorda, men sidan den krev ein lenger sesong enn potet kan det vere ein fordel å drive den inne på våren og plante ut når faren for frost er over. Den har ikkje store krav til jorda, men set nok mykje dei same krava som potet, ei heller litt sandete jord enn ei leirhalding.

Ulluco er den tredje framande planta frå Sør- Amerika eg prøvde å dyrke i år. På lik linje med Oca dannar denne og knollar på røttene. Desse skal ha eit kvitt til sitrongult kjøtt og ein nøtteaktig smak, og skal vere best i kokt form. Ulluco kan ha variasjon i forma på knollane, alt frå runde til avlange, og fargen på skalet kan vere gul, rosa, rød, purpur eller fleirfarga. Den kan dyrkast på same måte som potet og oca, og i hemlanda blir ofte både potet, oca og ulluco dyrka på det same jordstykket. Ulluco har same eigenskapen som oca at den danna knollar på røtene først når daglengda blir kortare. Dette gjer den veldig utsatt for tidleg frost, og det var ikkje store avlinga eg fikk i år då første frostnatta kom allerede tidleg i september. Til neste år vil eg nok dyrke denne under fiberduk for å skape eit betre mikroklima og forlenge sesongen. Ulluco er ein slekning av Malabarspinat og dei saftige blada kan og nyttast som ei bladplante for lett koking.

For dei som ynskjer meir informasjon om ukjende etandes planter frå Sør-Amerika kan eg anbefale å ta ein kikk i boka Lost crops of the Incas .

Til slutt kan eg jo nemne som ein kuriositet at eg har unghøner av rasen Araucana i hønsehuset, dette er ein rase frå Sør-Amerika og som det andre fargerike herifrå legg desse egg med turkisfarga skal, ikkje så ulik fargen til skalet på ulluco.    


Til venstre i biletet er Quinoa, øvst er oca og nederst 
er nokre få knollar av ulluco.
     

27. okt. 2012

Årets avling!

Smakfull gulrot
I skrivande stund lavar snøen ned og dette markerar på ein måte slutten for hageåret, men det gjer ingenting når ein veit at årets avling er i hus. Urter er tørka, frysen er full av bær og rotgrønnsakene er komen i hus. 

Sesongen i år har vore kort, kom liksom ikkje heilt i gang, kald vind frå nord førte til at temperaturen haldt seg nede og lite nedbør i vår satte ein bremsar på veksten. Men det har vore eit godt potetår, me fikk ein skikkeleg stor avling med flotte poteter og er nok sjølvforsynt og vel så det i år og. Dei andre rotgrønnsakene gav og ei fin avling, så no kan me lage oss deilig purè av svartrot eller pastinakk som er eit godt fylgje til div kjøtrettar.




Stor og fin pastinakk
Vitaminrike og giftfrie grønnsaker




16. okt. 2012

Kvitlauk i lange baner

Eg fikk endelig tak i kvitlauk i år og då attpåtil økologisk kvitlauk gjennom firmaet Solhatt. Dette er kvitlauk av sorten Vallelado som skal vere eigna for nordiske forhold. Eg bestillte ein kilo og vart overraska over kor mykje det vart ut av denne mengda, heile fem rader på ca 4,5 m, så det blir forhåpentlegvis ein del kvitlauk ut av det.


Det er relativt enkelt å dyrke kvitlauk. Det som er viktig å passe på er å ha ein sort som eignar seg for nordiske forhold, då dette generelt er ei varmekrevjande plante. Kvitlauk dannar som kjent mange fedd i ein løk, og det er desse einskilds fedda ein set i jorda om hausten. Året etter har desse danna nye løkar med mange fedd. Kvitlauk likar seg best i ei lett og næringsrik jord på ein solrik stad. For meir detaljar kring dyrking av kvitlauk kan du besøke Agropub.

Kvitlauk er jo kjend både for sine kulinariske og medisinske verknader og skal vel hjelpe mot det meste. Diktet Ita kvitløk til Jørgen Gravvold gir ei grei oppsummering av kva kvitlauken kan hjelpe mot.
                                
                                    
Ita kvitløk
                                                           Veit du kva som e nytt i bøgden
I mylla Årnes og Åsgårdhøgden?
Veit du kva som e heilt på
moten?
Jau: Ita kvitløk te du e på gråten!
E du vindfoill og klein i magå?
Ita kvitløk og slepp tu plagå!
Doindra pulsen langt over nitti?
Ita kvitløk, så bli du kvitt di!
He du tannverk og ilt i haua?
Ita kvitløk da, før du daua!
Riv du deg på ein ruståt spikar.

Ita kvitløk, så bli det likar.
E du skranglåt og toinn og
mager?
Ita kvitløk, så bli du fager!
Står det stilt for deg inkvainn
gongja?
Ita kvitløk, så kjem å åinna!
Trur du bussinn ska komm og ta
deg?
Ita kvitløk, så vil’n’kje ha deg!
Kjøp ein pose før bua stengje.
Ita kvitløk og leva lengje!
Slepp tu banskræk og ståk og
blei-skift.
Ita kvitløk, og leva ogift!
  


5. sep. 2012

Snakk om veksekraft!

Eg prøver meg for første gong på dyrking av gresskar og har heile sommaren vore spent på om det kom til å bli nokon avling. Gresskar er ein varmekrevjande vekst og varme er ikkje det den nordiske sommaren er bortskjemd med. Så for å betre på dette vart det bygd ein solfangar som eg har skreve om i eit tidlegare innlegg. I tillegg vart det lagt opp ein komposthaug med fersk kompost, grastorver, hesteskit og gamalt høy, så alt skulle liggje til rette for god vekst. Men det såg lenge mørkt ut, nordavinden har jobba hardt med å halde sommartemperaturen nede og samstundes halde regnet borte. Lenge såg det ut til at det ikkje kom til å bli noko gresskar på oss. Men dyrking i den nordiske sommaren kan og vere full av overraskingar, for litt varme og regn var det som skulle til for å redde gresskaravlinga. Og for ein veksekraft! Gresskarplantene satte i gang med å vekse så ein kunne sjå forskjell frå dag til dag, det var nesten som dei geipa til meg og sa "tvila du på oss". Og bileta under sier vel sitt, sjølv den mest puslete planta kan bli stor og kraftig berre den får gode vilkår. Så det er ingen grunn til å tvile på at det går an å dyrke i den nordiske sommaren. 


Gresskarplantene 18 juli.


Dei same gresskarplantene 20 august.

Innimellom alle blada ligg det eit gresskar og ventar


25. aug. 2012

Klatrehjelm, eller kanskje slynghjelm

På tross av bloggtittelen så skal eg på ingen måte skrive eit innlegg om ein fantastisk klatrehjelm til beskyttelse av hovudet når ein heng i tau på veg oppetter ei fjellside. Nei, planter opptar meg meir så her handlar det om ein mørk skjønnheit som blomtrar for fyrste gongen i hagen vår.

Det er ikkje mange år sidan eg vart klar over at storhjelmslekta også innheld artar som har eigenskapen at dei kan slynge seg. Aconitum hemsleyanum 'Red Wine' er ein av artane som har denne eigenskapen og det er ei vakker plante med eit litt mystisk slør over seg. Blomen har den typiske storhjelm fasongen, men fargen skil seg frå den vanlege blå varianten med ein mørk burgunder farge. Men den største skilnaden er veksemåten der den slynger seg oppetter klatrestativet.


Arten skal vere omlag like herdig (ca H7) som vanleg storhjelm, og vil demed klare seg i store delar av landet. Som mange av dei andre artane i slekta likar den seg i eit fuktig miljø med humusrik jord. Samstundes så treng den varme for vekst og bløming, så den ideelle plassen er der den har føtna i skyggen og hovudet i sola. I min hage står den i øybedet midt på plenen der det er rikeleg med sol. Jorda er heller ikkje spesielt næringsrik og det ser ikkje ut til å ha redusert verken vekst eller bløming.





23. juli 2012

Silkebygg

Silkebygg (Hordeum jubatum) eller det lokale svært dekkande namnet "Squirrel Tail" (Ekornhale) er eit vakkert gras når aksa svaiar i vinden.

Dette graset høyrer naturleg heime i vestlege delar av USA, men har spreidd seg og er vanleg i det meste av USA. Her til lands blir det nytta som eit prydgras, og med sine svært dekorative aks har det absolutt ein prydverdi.

Silkebygg trivst både på våte og tørre stader, og ein interessant eigenskap er salttoleransen som gjer at det overlever langs veg (på tross av vegsalt) og på kystnære stader der andre planter kjem til kort. Samanlikna med mange andre prydgras er det ei ganske beskjeden plante på ca 40 cm med liten prydverdi utanom aksa. Graset er fleirårig med kort levetid, men rekk som oftast å så seg før det går ut slik at ein er sikra nye planter.

I min hage har det fått plass i "øybedet" midt på plenen, her er det rikeleg med sol og relativt tørt, men dette ser ikkje ut til å vere eit hinder for vakker blomstring.  






5. juli 2012

Sargenteple-sjeldan å sjå

Sargenteple (Malus toringo var. sargentii) ser eg ikkje ofte til salgs i hagesenter. Eg var så heldig å kome over nokre eksemplar for nokre år sidan, og i vår/sommar blømde dei for fyrste gongen. Det forundrar meg at dette treet/busken ikkje er meir vanleg for eit meir anvendleg og vakker busk/tre skal ein leite lenge etter. Sargenteple er hardfør (H6), tåler mykje vind og kan formast antan til ein busk eller eit lite tre (ca 2m høgt) i tillegg så har det ein vakker bløming tidleg på sommaren. Her kan du lese meir om sargenteple.



28. nov. 2011

Ein organisk brann

Korgpil (for det meste Salix viminalis) er ei fantastisk plante med ein utruleg vilje til å vekse, berre på ein kort sommar kan den strekke seg over to meter. I tillegg er den nyttig og dekorativ. Nyttig i form av at den kan anvendast til mange bruksgjenstandar og pynteting, korger i mange variantar, gjerder , klatrestativ og lysthus. Dekorativ er den både som levande og i tørka tilstand. Det å ta seg ein tur ut i den skarpe haustlufta og hauste pil, nyte dei flotte fargane på pilekvistane som står som ein kontrast mot alt det grå, ja det gir ein ekstra piff i den mørke tida.

Rader av pil klar til å haustast, frå vesntre ser me Raud Belgier,
Gullpil og Raud Amerikaner

Raud Amerikaner i nærmare augesyn.


Ferdig sortert pil klar til å tørkast eller oppbevarast ute 
for bruk i frisk tilstand

15. nov. 2011

Det kjem ein ny vår!

Ja heldigvis så er det ein vår å sjå fram til, og no i den mørkaste tida kan det vere fint å kunne gjere noko som bere bod om at det kjem ein ny vår. Og då er det vel nesten ingenting som passar betre enn å så. Mange vil vel sei at denne tida på året ikkje er den rette, men for nokre planter er det nettopp det. Mange frø av stauder, buskar og tre treng ein kuldeperiode for å bryte frøkvila og spirer best ved å bli sådd om hausten/vinteren og plassert ute under snøen .

Eg pleier å kjøpe inn mykje frø på hausten (okt/nov) og har frøsåing som ein fin romjulsyssel. Dessverre er det få frøfirma i Noreg som tilbyr frø av stauder, buskar og tre, og dei som finst har ikkje akkurat det mest spenstige utvalget. Men heldigvis så opnar internett opp for å kunne handle frø med mange ulike frøfirma. Her er det pengar å spare i tillegg til at ein kan drive fram mange spennande artar som ikkje er å få i vanlege hagesenter. Eg har handla frø på internett i mange år og har etterkvart funne nokre frøfirma som eg held meg til, både fordi eg er fornøyd og fordi dei har eit bra utvalg av frø.

Chiltern Seeds eit britisk firma som har utruleg mykje spennande, og det ser ut til at dei held god frøkvalitet. Mottoet deira er "Grow something new from seed" og dette passar godt då dei har eit stort utval av frø frå mange ukjente planter. Dei gir ut to katalogar, ein med frø av prydvekstar ein med frø av grønnsaker, minuset er det ikkje er bilder i katalogen, og det same gjeld tildels for nettsida.

Jelitto er eit tysk firma som har frø av mange ulike planter. Dette firmaet virkar som eit veldig seriøst firma som set kvalitet høgt, men dette avspeglar seg også i eit relativt høgt prisnivå. På den andre sida så får ein mange frø for pengane. Nettsida er grei å navigere i og det er bilder for mange av artane. Eg har veldig gode erfaringar med frø frå dette firmaet.


B and T world seeds er eit firma eg først stifta bekjentskap med i år. Dei har ein stor søkbar database og ser ut til å tilby frø frå utruleg mange forskjellige planter. Minuset er ei litt rotete nettside, få bilder og det ser ut til at databasen ikkje har sanntid informasjon om frø er tilgjengleg eller ikkje, så det kan ta tid før ein får bestillt vare.

Impecta Handels er eit svensk firma som eg har handla med i mange år, har mykje forskjellig både frø til stauder, urter, eksotiske planter, trer og buskar. Firmaet gir ut ein god katalog med bilder og det er lett å finne fram på nettsida. For den meir entusiastiske staude såaren er kanskje utvalget litt snevert.

I tillegg til desse kommersielle firma så finst det og mange bytegrupper ein kan melde seg inn i, f.eks Sällskapet Trädgårdsamatörerna tilbyr ei slik tjeneste der ein får tak i frø til ein billig peng.  

Til slutt vil eg berre gjere oppmerksom på at det er importreglar på frø, ein har lov til å bestille opptil 50 posjonspakningar i kvar sending og har sendingen verdi over 200  må ein betale norsk moms og toll. Så det er pengar å spare på å heller legge inn fleire bestillinar under 200 kr eller spørre om firmaet kan dele opp ein større sending. Ikkje alle firma er like "ærlege" på verdi av sendinga slik at ein slepp å betale norsk moms sjølv om sendinga er over 200 kr.



10. okt. 2011

Haustblomstrande druer

Me er no kome eit godt stykke ut på hausten, men framleis er det ein del planter som held ut på tross av at me har hatt nokre frostnetter. Spesielt klaseormedrue (Actea racemosa syn. Cimicifuga racemosa) står der med spir av skum og sprer ein fantastisk deilig lukt rundt seg. Skulle me vere så heldige å få nokre glimt av sol, så tar det ikkje lang tid før spira er dekka med svoltne sommmarfuglar.

Klaseormedrue er ei dekorativ plante, spesielt den mørkblada ('Atropurpurea') varianten utgjer ei fin kontrastplante bakerst i ein studerabatt. På grunn av sin seine blomstring er det ikkje alltid at blomstrane rekk å sprette ut før frosten kjem og tar knekken på den. Alikevel så er den dekorativ med sine vakre blad og stive aks dekka med det som kan sjå ut som små druer. Klaseormedrue veks naturleg i lauvskogar i Nord-Amerika og Canada og trivst difor best i halvskugge der jorda er jamnt fuktig, ein for tørr plassering vil ofte føre til at bladspissane tørkar inn. På den andre sida vil plassering i halvskugge ofte føre til at blomstringa kjem seint igang. Eg har difor plassert mine planter i full sol utan at dette så langt har påverka blomstring eller generell trivsel på ein negativ måte, men så har ikkje dei siste sommrane akkurat vore spesielt tørre.

Klaseormedrue er ikkje berre til pryd, men og til nytte. Den har vore brukt som medisinplante både hjå innfødde amerikanarar og nybyggjarar i Nord-Amerika. Det er ei typisk kvinneurt som hjelper på plager både i den fruktbare delen av livet og i overgangen til den ufruktbare. Du kan lese meir om klaseormedrue sine medisinske bruk her.







 


13. sep. 2011

Grøne vitaminbomber

Regn kan ha sine fordelar og ulemper, eg for min del skulle ynskja at sola hadde vist seg litt i sommar. Det har rett og slett bøtta ned med vatn frå oven. Alt regnet har resultert i ein veldig frodig hage, med planter som er store og kraftige, men samstundes har regnet passa på å velte dei overende slik at dei ligg meir enn dei står. Men det finst og andre planter som har satt stor pris på å fråtse i vatn, nemleg grønnsakene. Det har ikkje vore nokre begrensingar i veksten og no står dei der struttande, grøne og fulle av vitaminar og ventar på at me skal setja tennene i dei.

                                              
              Dill og grønnkål med det flotte namnet; Nero di Toscana precoce

Løk og kålfeltet som struttar av frodigheit

Får

i kål
                         
      Solsikke som lyser mot sola og ein squashblomst som ventar på visitt av ei humle

20. juli 2011

Liten avlekraft? Prøv alpestikle!

Stikler (Eryngium) er ei piggete slekt som høyrer til i skjermplantefamilien (Apiaceae). Det botaniske namnet kjem frå gresk eryggos som tyder "ragget bukkeskjegg" og dette viser til forma på rotsystemet. I tidlegare tider vart stikle dyrka på grunn av akkurat røtene som skulle ha ein spesiell virkning. Mange av stiklene står på mi ynskjeliste over planter eg gjerne vil dyrke i hagen og spesielt alpestikle (Eryngium alpinum) har stått høgt på ynskjelista over stauder. Gleden var difor stor då eg endeleg fikk tak i eit eksemplar og grunnen til dette er at alpestikle skil seg ifrå mange andre planter både i form og farge. Sjølve planta er ikkje akkurat av dei flottaste og gir vel mest assosiasjonar til ei kålplante med piggete blad, men blomen og svøypblada derimot gir heilt andre assosiasjonar. Blomen står der som eit hovud omkransa av piggete isblå svøypblad og gir meg assosiasjonar til ein vampyr med sin typiske flaggermusaktige krage. Og kanskje er ikkje dette så dumt, då planta (og slekta Eryngium) har røter i urtemedisinen der rota vart nytta til å auke lysten på kjønnslivets gleder. Rota skal og vere god å kandisere til konfekt, kanskje eg prøver det ein gong så kan eg ta eventuell auka avlekraft som ein bonus ;-)

Humlene likar og alpestikle


Alle stiklene likar seg i skrinn sandjord og tåler godt både steikande sol og vind, med andre ord planter som høver godt på opne og utsatte stader der mange andre planter kjem til kort. Dessverre er stiklene vanskeleg å få til i frå frø, så det beste er om ein kjenner nokon som har ei plante. Skulle nokon av lesarane vere så heldige å ha ei stikle i hagen sin og kan avsjå ein rotbit så tar eg i mot med glede.

4. aug. 2010

Sommar på Furset

På tross av eit heller variabelt sommarvær så er det frodig og grønt. Ein lang og kald vår har gjort at juliblomstringa er mykje seinare enn vanleg, men no står hagen på sitt finaste.


På biletet over ser ein huset frå grønnsaksåkeren med hes og torrhøy klart for å bli frakta inn i løa. Nedst mot høgre ser ein resultatet av pile stiklingane som vart satt ned tidleg i vår, dei fleste har røta seg og danna nye lange greiner.


Denne rabatten dannar grensa mot bilvegen som (desverre) går gjennom tunet. Riddersporer (Delphinium sp), melkeklokke (Campanula lactiflora), snø(sølv)frytle (Luzula nivea) og roser har endelig byrja å blomstre.


Ringblom (Calendula officinalis) lyser opp sjølv på ein regntung dag.


Ein knopp på klatrerosa 'Ilse Krohn superior' har akkurat brista og kronblada foldar seg ut.


Raud storstjerneskjerm (Astrantia major) og kystkvitrose kler kvarandre godt.


Sjå kor flott fløyelstjæreblom (Lychnis coronaria) er med perler av vatn på kronblada.


Ingen sommar utan jordbær...


Tidleg i vår satte me opp eit pilegjerde (Belgisk hegn), no er det blitt grønt og fint. Men på grunn av den kalde og tørre våren så er det ein del av vidjene som ikkje klarte å setje røtter, dermed så må ein del av desse bytast ut til neste vår. Uansett så dannar gjerdet eit dekorativt og grønt innsalg i hagen.