Hagen vår var ein av dei 414 påmelde privathagane til arrangementet "1000 åpne hager" som gikk av stabelen søndag 14 august. Eg fikk god pressedekning i avisa med oppslag både i Sunnmørsposten og lokalavisa Sunnmøringen, men var fortsatt usikker på kor mange som ville kome. Det er alltid ekstra spennande når ein utleverer noko som er så personleg som ein hage, spørsmål som "er hagen fin nok til å vise fram?", "vil folk like det dei ser?" osv. kretsa jo kring i hovudet, men eg ville slå eit slag for hagesaka og det var det viktigaste for meg.
No i ettertid kan eg sei at arrangementet var 100 % vellukka, været viste seg frå si beste side og det strøymde på med folk. Totalt var det rundt 100 besøkande her denne dagen, og eg trur ikkje eg har snakka med så mange folk på ein gong nokonsinne. Å få møte så mange interesserte sjeler var utruleg givande og har gitt meg enno ein push til fortsette å dyrke hageinteressa. Usikkerheiten kring om hagen var fin nok til å vise fram vart fort gjort til skamme, og det gav eit spesielt inntrykk når folk tok til tårene fordi her var så vakkert. Hagefolk må vere dei mest positive folk ein kan møte, når dei er i sitt rette element.
Tusen takk til alle som besøkte oss denne dagen!
Eg syns det er så kjekt at Jan Håkon som eg kjente då eg var liten, framleis er gjenkjennbar! Du var alltid så interessert i blomar og dyr :-) Helsing Maria
SvarSlettTakk for hyggeleg kommentar Maria. Eg er nok mykje den same som før, like hekta på blomar og dyr som eg alltid har vore.
SvarSlett