20. juli 2011

Liten avlekraft? Prøv alpestikle!

Stikler (Eryngium) er ei piggete slekt som høyrer til i skjermplantefamilien (Apiaceae). Det botaniske namnet kjem frå gresk eryggos som tyder "ragget bukkeskjegg" og dette viser til forma på rotsystemet. I tidlegare tider vart stikle dyrka på grunn av akkurat røtene som skulle ha ein spesiell virkning. Mange av stiklene står på mi ynskjeliste over planter eg gjerne vil dyrke i hagen og spesielt alpestikle (Eryngium alpinum) har stått høgt på ynskjelista over stauder. Gleden var difor stor då eg endeleg fikk tak i eit eksemplar og grunnen til dette er at alpestikle skil seg ifrå mange andre planter både i form og farge. Sjølve planta er ikkje akkurat av dei flottaste og gir vel mest assosiasjonar til ei kålplante med piggete blad, men blomen og svøypblada derimot gir heilt andre assosiasjonar. Blomen står der som eit hovud omkransa av piggete isblå svøypblad og gir meg assosiasjonar til ein vampyr med sin typiske flaggermusaktige krage. Og kanskje er ikkje dette så dumt, då planta (og slekta Eryngium) har røter i urtemedisinen der rota vart nytta til å auke lysten på kjønnslivets gleder. Rota skal og vere god å kandisere til konfekt, kanskje eg prøver det ein gong så kan eg ta eventuell auka avlekraft som ein bonus ;-)

Humlene likar og alpestikle


Alle stiklene likar seg i skrinn sandjord og tåler godt både steikande sol og vind, med andre ord planter som høver godt på opne og utsatte stader der mange andre planter kjem til kort. Dessverre er stiklene vanskeleg å få til i frå frø, så det beste er om ein kjenner nokon som har ei plante. Skulle nokon av lesarane vere så heldige å ha ei stikle i hagen sin og kan avsjå ein rotbit så tar eg i mot med glede.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar