18. juli 2011

Fjerne grastorv

Når ein skal opparbeide nye bed er det ofte nødvendig å fjerne eksisterande grastorv og dette kan vere eit tungt og tidkrevande arbeid. Den mest næringsrike jorda ligg rett under grasrøtene og viss ein fjernar grastorva med underliggande jord vil ein fjerne viktig matjord. Inntil nyleg så var dette eit arbeid eg grua meg til å ta fatt på, mest fordi det ofte involverte hardt arbeid med å få jorda laus frå sjølve grastorva. Men så kom min sambuar på den gode ideen om å skjere torva frå den underliggande jorda, det er jo akkurat dette prinsippet ein maskinell torvskjerar nyttar seg av.

For å bruke denne metoden er det nødvendig med ein såkalla kantskjerar som er ein reiskap ein nyttar for å skjere til bedkantar. Denne reiskapen er og smart å nytte til å skjere torva opp i passelege blokker, då ein får ein rett kant og den skjer ikkje for djupt noko ein spade ofte gjer. Når ein har kutta opp torva i passelege blokker så går ein over med ei spadegreip og løyser blokkene frå den underliggande jorda.


 Kantskjerar er ikkje berre nyttig for å stusse bedkantar, men og for å dele opp grastorva.

Avhengig av jordtype og kor godt etablert graset er vil ein ofte ende opp med eit ganske så tjukt jordlag under grastorva. Og det er her at bruken av kantskjeraren er genial. Først legg ein torva med jord på høgkant inntil ei treplate el.l. slik at den ligg stabilt.

Her ligg torva inntil treplata som ein støttar med foten.
Så brukar ein kantskjerar og fører den ned langs øvre delen av grastorva slik at ein fjernar mest mogleg av den underliggande jorda. Viss ein har ein kantskjerar med skarp egg vil den skjere seg lett gjennom torva.
Set kantskjerar i øvre del av torva og presser den ned gjennom jordlaget


Her ser ein kor fint resultatet blir

Ferdig strippa grastorv klar til å fraktast bort.

Oppstabla grastorv klar til å brukst der det trengst.

Det er klart at denne metoden ikkje er like effektiv som å bruke ein maskinell torvskjerar, men i motsetjing til å banke og riste jorda laus frå torva er det ein grei metode.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar