10. apr. 2011

Hugleik og vårleik

Brått var snøen borte, og der som eit lite under låg alt klart, lange sprirer på veg opp av den våte og kalde jorda. Endeleg ser det ut til at våren har komen og endeleg så kan eg skrive om noko grønt. I dag har det vore ein fantastisk fin dag her Furset, med milde vindar, gløtt av sol og kjensle av vår. Dette gav ein akutt arbeidslyst, så det var ut å rake og rydde. Måtte jobbe hardt med meg sjølv for ikkje å begynne å rydde i urtehage og staudebed, for det er enno ein viss fare for at det blir frost som kan øydeleggje sarte spirer.

Snøklokke (Galanthus nivalis)
Krokus (Crocus vernalis)
Som utvandra Harding til Sunnmøre så var det spesielt ein ting eg la merke til her på Sunnmøre og det var at både snøklokke, krokus og påskelilje kunne blomstre samstundes. For meg var dette veldig uvant som var van med at først kom snøklokke, gjerne allerede i februar, deretter krokus for  så å bli etterfulgt av påskelilje. I fjor var det ein svært sein vår her, og då stod påskeliljene heilt til byrjinga av juni!!


Rabarbra blad (Rheum rhabarbarum)


Eit eksemplar av arten Felis silvestris catus eller pusen Frida synest og at det var på tide med vår og har  i dag oppført seg meir som ein kattunge enn den voksne katten ho er.
Frida har fått auge på noko i muren som var veldig spennande






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar