På denne tida av året blir frøkatalogar saumfart og nye spennande frø blir bestillt inn, mange er blitt stamgjestar, nokre er nye, og andre er eksotiske handla på impuls. Drøymen om den perfekte våren, den perfekte sommaren og den heilt ulitimate pryd, grønnsaks og urte-hagen viser seg klart og tydeleg for meg. Kall meg gjerne ein drøymar, men vil heller vere det enn ein drøymelaus beinhard realist.
Det er ikkje berre på frøstadiet det blir planlagt, også større prosjekt er på gang. I samband med dette vart flybilder på nettet leita fram på gislink.no og her vart eg overraska over å finne oppdaterte bilder tatt i sommar. Det var utruleg artig å sjå hagen vår i fugleperspektiv, arbeidet dei siste åra viser tydelege spor.
Huset med hagen og urtehagen med sitt mønster |
Fantastisk mønster!
SvarSlett