29. juni 2010

Det blomstrar litt

På tross av ein heller kald vår og så langt kald sommar så blomstrar det i hagen. Det er fortsatt vårplanter som dominerar, men rosene har byrja å få knoppar og riddersporene strekkjer seg for kvar dag. Litt varme no så eksploderer hagen i fargar.

Planta meg ein liten og puslete trådpeon (Paeonia tenuifolia) i fjor vår, og eg vart overrsaka då den laga seg til med ein knopp i år. I dag stod den på bristepunktet til å opne seg, og var så utruleg vakker med vassdråpar og den runde forma mot dei trådsmale blada.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar