10. okt. 2011

Haustblomstrande druer

Me er no kome eit godt stykke ut på hausten, men framleis er det ein del planter som held ut på tross av at me har hatt nokre frostnetter. Spesielt klaseormedrue (Actea racemosa syn. Cimicifuga racemosa) står der med spir av skum og sprer ein fantastisk deilig lukt rundt seg. Skulle me vere så heldige å få nokre glimt av sol, så tar det ikkje lang tid før spira er dekka med svoltne sommmarfuglar.

Klaseormedrue er ei dekorativ plante, spesielt den mørkblada ('Atropurpurea') varianten utgjer ei fin kontrastplante bakerst i ein studerabatt. På grunn av sin seine blomstring er det ikkje alltid at blomstrane rekk å sprette ut før frosten kjem og tar knekken på den. Alikevel så er den dekorativ med sine vakre blad og stive aks dekka med det som kan sjå ut som små druer. Klaseormedrue veks naturleg i lauvskogar i Nord-Amerika og Canada og trivst difor best i halvskugge der jorda er jamnt fuktig, ein for tørr plassering vil ofte føre til at bladspissane tørkar inn. På den andre sida vil plassering i halvskugge ofte føre til at blomstringa kjem seint igang. Eg har difor plassert mine planter i full sol utan at dette så langt har påverka blomstring eller generell trivsel på ein negativ måte, men så har ikkje dei siste sommrane akkurat vore spesielt tørre.

Klaseormedrue er ikkje berre til pryd, men og til nytte. Den har vore brukt som medisinplante både hjå innfødde amerikanarar og nybyggjarar i Nord-Amerika. Det er ei typisk kvinneurt som hjelper på plager både i den fruktbare delen av livet og i overgangen til den ufruktbare. Du kan lese meir om klaseormedrue sine medisinske bruk her.







 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar