27. sep. 2011

Fargerike papirvengjer

På hausten når alle villblomane har avslutta sin fargeprakt er det framleis ein del planter som blømer i hagen. Mange av desse plantane vil stetta hungeren etter nektar hjå sommarfuglane som kan virre rundt i stort mangfold i hagen om hausten. Sommarfuglbusken (Buddleja davidii) har jo nettopp fått sitt navn på grunn av dette, men det er og andre planter som verkar tiltrekkjande, til dømes etasjeblomst (Monarda didyma), oktoberbergknapp (Sedum spectabile) og høstfloks (Phlox paniculata).


Ein admiralsommefugl som leskar seg på etasjeblomst


Ein neslesommarfugl som finn seg litt myntenektar



Ein perlemorvinge som varmar seg i sola

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar