5. sep. 2012

Snakk om veksekraft!

Eg prøver meg for første gong på dyrking av gresskar og har heile sommaren vore spent på om det kom til å bli nokon avling. Gresskar er ein varmekrevjande vekst og varme er ikkje det den nordiske sommaren er bortskjemd med. Så for å betre på dette vart det bygd ein solfangar som eg har skreve om i eit tidlegare innlegg. I tillegg vart det lagt opp ein komposthaug med fersk kompost, grastorver, hesteskit og gamalt høy, så alt skulle liggje til rette for god vekst. Men det såg lenge mørkt ut, nordavinden har jobba hardt med å halde sommartemperaturen nede og samstundes halde regnet borte. Lenge såg det ut til at det ikkje kom til å bli noko gresskar på oss. Men dyrking i den nordiske sommaren kan og vere full av overraskingar, for litt varme og regn var det som skulle til for å redde gresskaravlinga. Og for ein veksekraft! Gresskarplantene satte i gang med å vekse så ein kunne sjå forskjell frå dag til dag, det var nesten som dei geipa til meg og sa "tvila du på oss". Og bileta under sier vel sitt, sjølv den mest puslete planta kan bli stor og kraftig berre den får gode vilkår. Så det er ingen grunn til å tvile på at det går an å dyrke i den nordiske sommaren. 


Gresskarplantene 18 juli.


Dei same gresskarplantene 20 august.

Innimellom alle blada ligg det eit gresskar og ventar


1 kommentar:

  1. Dette var flott. Eg er imponert, men så veit eg også at dette er du flink til. Asgeir

    SvarSlett