På biletet over ser ein huset frå grønnsaksåkeren med hes og torrhøy klart for å bli frakta inn i løa. Nedst mot høgre ser ein resultatet av pile stiklingane som vart satt ned tidleg i vår, dei fleste har røta seg og danna nye lange greiner.
Denne rabatten dannar grensa mot bilvegen som (desverre) går gjennom tunet. Riddersporer (Delphinium sp), melkeklokke (Campanula lactiflora), snø(sølv)frytle (Luzula nivea) og roser har endelig byrja å blomstre.
Ringblom (Calendula officinalis) lyser opp sjølv på ein regntung dag.
Ein knopp på klatrerosa 'Ilse Krohn superior' har akkurat brista og kronblada foldar seg ut.
Raud storstjerneskjerm (Astrantia major) og kystkvitrose kler kvarandre godt.
Sjå kor flott fløyelstjæreblom (Lychnis coronaria) er med perler av vatn på kronblada.
Ingen sommar utan jordbær...
Tidleg i vår satte me opp eit pilegjerde (Belgisk hegn), no er det blitt grønt og fint. Men på grunn av den kalde og tørre våren så er det ein del av vidjene som ikkje klarte å setje røtter, dermed så må ein del av desse bytast ut til neste vår. Uansett så dannar gjerdet eit dekorativt og grønt innsalg i hagen.
Du tar fine bilder. Nå fikk jeg helt sommer-lengt her jeg sitter.. Kjempefin hage du har lagd, helt nydelig den rabatten, da. Prøvde meg forresten på et pilegjerde jeg også.. Det ble ikke akkkurat sånn som ditt;-D
SvarSlett