Hovudet mitt er for tida fullt av alskens vitskaplege teoriar, hypotesar og statistiske metodar, dette innbyr lite til kreativ skriving, men det er blitt så altfor lange sidan eg har skreve på bloggen min.
No skrivande stund så er det mørkt, kaldt (-15 grader celsius) og kvitt ute, men her brenn det lystig i ovnen og er lunt og godt. Det nærmar seg jul og alt det fine som følgjer med det, men tankane mine går, som alltid på denne tida av året, mot våren og sommaren. Eg tenkjer på alle frøa som skal bestillast til alle dei spennande plantene eg har lyst på, og det står så klart for meg kor flott alt kjem til å bli. Det er så deilig å tenkje slik og berre la tida flyte og la tankane surre rundt, men så tar fornuften over og seiar- "får du tid til alt dette då?" Då er det berre å flytte fokus og tenkje på alt som er gjort, alt eg fikk gjort dette året i hagen, alt som me fikk gjort i huset.
Sambuaren min har vore heilt nedstøva i den siste tida, ikkje på grunn av at han har latt seg støva ned, men fordi han har dreve å sparkla og pussa. No gjenstår det berre å få malt veggane, taket og lakka golvet så har enno eit rom fått sjela si tilbake. Forhåpentlegvis så skal me kunne ete julemiddagen vår i dette rommet og det ser eg fram til.
Her er litt frå framdrifta:
Her er nye golvbjelkar kome på plass.
Slik ser det ut pr. i dag no er det berre
maling på veggar, i tak og å få lakka
golvet som gjenstår.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar