Viser innlegg med etiketten Hus. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hus. Vis alle innlegg

8. apr. 2013

Utsyn frå kjøkenglaset

Måtte finne meg ein ny plass ved frokostbordet i morges, sola kikka opp over fjellet og rett inn gjennom vindauget og traff meg rett i fleisen. Elskar sola, men ikkje når den treff meg i augene og alt du ser er berre lys. Dermed så vart eg sitjane på ein plass eg vanlegvis ikkje sit, med utsyn i eit anna glas, litt pussig, men det gav eit nytt perspektiv på landskapet rundt og eg vart bokstavleg bergtatt.

Garden vår ligg i eit knutepunkt mellom to dalar slik at det er fjell på nesten alle kantar, og då snakkar eg om verkelege fjell og Storhornet er kjempa av dei alle. Den stig som ein mektig pukkel rett i det naturlege synsfeltet og ein kan ikkje la vere å leggje merke til det. Og det var dette fjellet som gjorde meg bergtatt i morges, sjølv om eg ser det nesten kvar dag, så var det nok sjølve perspektivet som bergtok meg. Storhornet var bada i sol og med kjøkenglaset som ramme vart det eit flott syn. Tenk å vere så heldig å ha noko slikt å kvile blikket på mens ein et sin frokost, eg har nok funne plassen min både ved bordet og sånn ellers.


28. des. 2010

Julestove

Heisan og Hopsan og fallerallera! Når målet er nådd skal alle sammen vere glad. Sambuaren min har lagt bak seg ein intens innspurt for å få stova ferdig til jul. Og det var flott å kunne setje seg ned og nyte julematen og resultatet av arbeidet. 





Fortsatt riktig god jol til alle saman 
og takk for det gamle året!

28. nov. 2010

Haust, vinter og snart jul

Hovudet mitt er for tida fullt av alskens vitskaplege teoriar, hypotesar og statistiske metodar, dette innbyr lite til kreativ skriving, men det er blitt så altfor lange sidan eg har skreve på bloggen min.

No skrivande stund så er det mørkt, kaldt (-15 grader celsius) og kvitt ute, men her brenn det lystig i ovnen og er lunt og godt. Det nærmar seg jul og alt det fine som følgjer med det, men tankane mine går, som alltid på denne tida av året, mot våren og sommaren. Eg tenkjer på alle frøa som skal bestillast til alle dei spennande plantene eg har lyst på, og det står så klart for meg kor flott alt kjem til å bli. Det er så deilig å tenkje slik og berre la tida flyte og la tankane surre rundt, men så tar fornuften over og seiar- "får du tid til alt dette då?" Då er det berre å flytte fokus og tenkje på alt som er gjort, alt eg fikk gjort dette året i hagen, alt som me fikk gjort i huset. 

Me laga oss til med ein ganske så stor grønnsaksåker i vår og det var så kjekt i haust å kunne ta i hus mange flotte grønnsaker. Sprø og fine gulrøter, stor og flott kålrot, deilig pastinakk og ny av året den spennade skorsonerota. Potene gav også ein fin avling i år. Så no ser eg verkleg fram til julemiddagen med sjøldyrka kålrot til kålrotstappa og eigne poteter til pinnekjøtet på julafta.






Sambuaren min har vore heilt nedstøva i den siste tida, ikkje på grunn av at han har latt seg støva ned, men fordi han har dreve å sparkla og pussa. No gjenstår det berre å få malt veggane, taket og lakka golvet så har enno eit rom fått sjela si tilbake. Forhåpentlegvis så skal me kunne ete julemiddagen vår i dette rommet og det ser eg fram til. 

Her er litt frå framdrifta:

                                          Her er nye golvbjelkar kome på plass.



                                                    Slik ser det ut pr. i  dag no er det berre 
                                                    maling på veggar, i tak og å få lakka 
                                                    golvet som gjenstår.

21. juli 2010

Golv uten tak


Regn og atter regn, skal det ingen ende ta, kvar er sommaren? 

Det einaste positive med dei siste regnværsdagane er at det blir tid til å gjere noko innandørs. Og "Prosjekt stove II" har gått inn i ein ny fase, det gamle makketne bjelkelaget er fjerna og nytt skal på plass. Så akkurat no manglar stova golv og kjellaren tak, det heile ser eigentleg litt komisk ut med dører langt oppe på veggen. 

Uansett eg håpar det snart blir fint vær, slik at eg kan få vere ute i hagen, men akkurat no så trur eg vassliljer tar seg finast ut......








23. juni 2010

Nytt oppussing prosjekt

Me ser oss ikkje redd på alt arbeidet det er med å setje i stand eit gamalt hus, no har me tatt til med å pusse opp stove nr 2. Her er det mykje å ta fatt på, alt av golv og golvbjelkar skal ut. Her er så mykje makk at det er berre flaksen at me ikkje har fått stova i kjellaren. Håpet var at me kunne ta vare på det gamle taket, men det ser ut til at nokon har velta pissepotta tidt og ofte så her må nok det også skiftast. Tømmeret skal fram, og eg synest det er utruleg flott å sjå kor mykje meir liv veggane får når ein ser kva så skjuler seg bak platene. Her er berre å ta fatt og rive ut, og bygge oppatt, med tanke på kor fin den andre stova vart så er det motivasjon god nok.

27. feb. 2010

Bestestova


Min kjære har ein forkjærlighet for gamle hus og har vore så heldig og fått overta det gamle kårhuset på garden. Dei siste åra har det gjennomgått ein fullstendig forandrig frå å vere eit hus som har gjennomgått mange hamskifter som følgje av skiftande moter etter siste verdskrigen. Her har vore tapetisert på påsterkt papir over tømmervegger, spikra porøs huntonit over der igjen som har blitt  tapetesert og himlingar har fått plast preg. 


Dei siste åra har huset måtta gi slipp på tida sitt grep og har blitt strippa for tapet og fargemoter frå 50, 60 og 70 talet. No er det tømmeveggane som skal fram, aspesthaldig linoleum skal bort, gamle himlingar skal fram, og nye tregolv skal på plass. Huset har og fått ein krafig ansiktsløftning i form av nye vidauger, nyvinngar på 70 talet i form av lettestelte husmorvindauger har måtte vike plassen for nye i gamal stil. Huset har fått tilbake sjela si og framstår som eit kosleg lite hus i vakre omgivnader.


Det siste oppussings prosjektet har vore "beste stova" denne framstår no som totalt forandra i forhold til kva den var. Frå vegger dekka med porøs huntonit med fleire lag tapet og den siste i form av trådtapet frå 80-talet har den no fått tilbake sit gamle eg. Tømmerveggane er blitt henta fram, blitt mala i sprek farge, nytt gjolvbjelkelag og golv er lagt, grindovn har kome på plass og P.I Langlo møblar frå 30-talet har kome i sitt rette miljø.