12. apr. 2010

Belgisk hegn

Utgangspunktet for hagen her på Furset var av det eg vil kalle "tabula rasa" (blank tavle), altså ingenting bortsett i frå eit gamalt epletre. Eit greitt utgangspunkt for så vidt, men eg skulle ynskje det var litt meir store trer på staden. Dei siste åra har me difor planta ein del trer og busker i for å få litt høgde i hagen. Det siste er at eg kom tilfeldigvis over ei bok om pilefletting, tidlegare har eg tenkt mest på pil som materiale til korger. Men då eg såg kor mykje utruleg mykje fint ein kunne lage av pil, spesielt til hagen, då var det gjort. Vidjer vart kjøpt inn, her skulle det lagast Belgisk hegn i øvste del av urtehagen. Vidjene kom på lørdag og me satte igang på søndag og eg er utruleg fornøyd med resultatet!

Her er første rekke kome på plass.
Her er det ferdige resultatet, no er det berre å vente på at det skal røte seg og vekse.

1 kommentar:

  1. Stilig Jan Håkon, dette ble eg veldig nyskjerrig på. Du må legge ut bilder når det har begunt å vokse.

    Lise

    SvarSlett