25. juni 2010

Grønt og frodig

Grønsaksåkeren vår gikk frå moldfarga til total grøn i løpet av nokre veker, ugraset rett og slett spruta opp med ekspressfart i det fuktige været dei siste dagane. Så her var det berre å ta fatt og luke, eit møysommelig arbeid mellom små gulrotspirer, men med ein stor porsjon tolmodighet så måtte ugraset gi tapt.

Det var ikkje så uventa at det kom til å bli ein del ugras, sidan åkeren vart etablert som grønsaksåker i år. Heldigvis så er det frøugras som dominerar slik som meldestokk, vassarve og hønsegras. Desse artane er lett å luke bort. Men ein kan bli litt motlaus når det blir slik mengder som dette, men smaken av sjølvdyrka grønsaker er motivasjon god nok. 





1 kommentar:

  1. det var før og etter bildet sitt det!
    Sånnt er jo motiverende da, når det synes at man har lukt ;)

    SvarSlett