14. sep. 2011

Då det våte element kom på plass i hagen

Store delar av sommaren i år gikk med til å få på plass ein etterlengta hagedam. Eg byrja allereie i fjor haust å planleggje dette, til og med søknad til kommunen vart sendt inn så alt vart gjort slik det skulle.

Me tok til på prosjektet med godt mot og arbeidslyst, men innsåg etter kvart at dette kom til å ta tid. Etter kort tid med graving oppdaga me at der det djupaste partiet skulle vere, var det kun eit tynt lag med matjord før ein kom ned på morenemassar nesten like hardt som fjell. Me byrja difor å tenke at her måtte me bruke sterkare lut, og ein minigravar dukka opp i tankane. Men det skulle vise seg å bli vanskeleg både å få låne ein slik og ingen av oss hadde erfaring med å bruke ei slik maskin. Det enda med at me brukte hakke, spett og spade for å grave ut heile dammen, og i ettertid tenker eg at det var den mest skånsome måten å gjere det på. Etter ein intens innspurt mot "1000 åpne hager" arrangementet så klarte me å få dammen ferdig, og eg må sjølv innrømme at eg er godt fornøyd med resultatet. Heilt ferdig er den ikkje, det gjenstår ein del planting både i og rundt dammen samt utsetjing av gullfisk, men det tar eg etterkvart.
       


                    Forma på dammen vart først markert med ein hageslange


Grastorva vart fjerna og så starta storarbeidet


Duk, vatn og mange lass med stein komen på plass.

 
Ein bekk måtte me jo og ha.

Endeleg ferdig
Kosleg med sildring frå bekken











8 kommentarer:

  1. wow! for et flott anlegg! (du må da ha raida en mosekledd steinmur? flott med all mosen!)

    Kjempefint bidrag til konkurransen, veldig lærerikt å få se alle trinnene i prosessen.

    SvarSlett
  2. Takk for hyggeleg kommentar. Det var nok ei gamal røys i skogen som vart litt robba for stein, det var heldigvis rikeleg å ta av. Eg var fast bestemt på at det skulle vere mosekledd stein, mest med tanke på at det skulle sjå så naturleg ut som mogleg.

    SvarSlett
  3. Kjempefint anlegg! Likte spesielt godt bekken din :)

    SvarSlett
  4. VAKKER!!! dam og bekk, utrolig fint !!

    SvarSlett
  5. Så naturlig og vakkert, mosen gjør underverker. Misunnelig neii...

    SvarSlett
  6. Gratulerer, det ble finaleplass på prosjektet ditt!

    SvarSlett
  7. Stilig, dette blir jo spennande!

    SvarSlett