27. feb. 2012

La humla suse

Det er vel ein kjent sak at variert kost er viktig for god helse. Men dette ser ut til å ikkje berre gjelde oss mennesker, men også våre viktigaste pollineringsinsekt bier og humler har behov for variasjon i kosten.

I Nord-Amerika har birøktarane opplevd at biene på uforklarlegvis plutseleg forlet bikubar fulle av larver, honning og pollen. Denne massive biedøden (Colony Collapse Disorder) har fått store konsekvensar for matprodusentane. Biene aleine sikrar avlingar til næringsmiddelindustrien for 15 milliardar dollar årleg, så det er klart at dette får konsekvensar.

Men det er håp i sikte, for eit eksperiment utført av franske forskarar har kanskje gitt nokre svar på denne gåta. Det kan sjå ut til at den massive biedøden skuldast rett og slett for lite variasjon i kosten kombinert med stress. Alt er som kjent stort i Amerika, og det gjeld ikkje minst innanfor matproduksjon. På store plantasjar av appelsiner og mandlar blir store trailerar med bikubar kjørt inn, og dermed blir biene "tvinga" til å ha eit einsidig kosthold og berre ein pollentype om gongen. Denne einsidige kosten og stress på grunn av stadig flytting gjer at biene får redusert immunforsvar og døyr.

Dessverre så er det ikkje berre tambiene som har det vanskeleg i dagens einsidige landskap, både villbier og humler har gått tilbake dei siste åra. Mykje av årsaka til dette er at artsrike slåtteenger blir meir og meir sjeldan. Desse engene har vore ei viktig matkjelde for humler og bier, og når desse forsvinn må dei sjå seg om etter nye sankeområder. Og det er her du som hageeigar kan vere ein reddande engel, for det har vist seg at bier og humler gjør det godt i eit variert hagelandskap. Men då er det ikkje ein strigla plen som teller, men heller fargerike bed som inviterar til eit biologisk mangfald. Humler, bier og sommarfuglar blir tiltrekt av kløver, valurt, oksetunge, løvemunn, revebjelle, kornblomst, knoppurt, og mange krydderuter slik som lavendel, isop, oregano, timian m.fl.

På tampen kan det vere verdt å nemne at problemet med biedøden og sviktande pollinering er blitt eit alvorleg problem. Det er blitt så alvorleg at Europaparlamentet vedtok ein bieresolusjon i november 2011 for å redde pollineringen av 84 % av planteartene i europa, og det er jo forståeleg når bienes årlege arbeid representerar 170 milliardar kroner for Europa. Oss hageeigarar får heller nøye oss med verdien av å høyre humla suse.


2 kommentarer:

  1. Takk for fine tips. Kjenner nokon som har bier og som framleis ikkje har planta så mykje rundt seg. To fluer (bier) i ein smekk.

    SvarSlett
  2. Kor interessant, ja det viser at me kan ikkje tvinga naturen til å gjera som me vil. Det slær tilbake på oss sjølve

    SvarSlett