29. okt. 2012

Framande frå Sør-Amerika

Eg synes det er spennande å prøve å dyrke noko nytt av både pryd og nyttevekstar, og i år hadde eg grønnsaker frå Sør-Amerika som tema. For det er ikkje berre potet og tomat som har sitt opphav herifrå, nei det finst eit utal av forskjellige vekstar. Nokre av desse kan ein attpåtil dyrke på friland i det nordiske klimaet då dei som poteta er tilpassa eit relativt barskt klima.

Gjennom Plantearven med planteklubben for potet og grønnsaker fikk eg tak i frø av quinoa (Chenopodium quinoa), knollar av oca (Oxalis tuberosa) og ulluco (Ullucus tuberosus). Quinoa vart sådd på friland i mai og oca og ulluco vart forkultivert innandørs i april og planta ut når faren for frost var over.

Quinoa tilhøyrer meldefamilien (Chenopodiaceae) og er ein slektning til dei meir kjende grønnsakene; rødbete, mangold, spinat, hagemelde (Artiplex hortensis) og Stolt-Henrik (Chenopodium bonus-henricus). Tradisjonelt har quinoa vore dyrka som ein kornvekst, der frøa er malt til mjøl, men i dag er den vel mest kjent som eit alternativ til ris i ein karbofattig diett. Frøa er proteinrike og har ein protein samansetning som er veldig gunstig. Personleg likar eg den og godt som ei bladplante til bruk i f.eks ein salat, har mykje same smaken som sin slektning meldestokk (Chenopodium album). Quinoa er lite kravstor, og er som sine slektningar lett å dyrke på all salgs jord. Blomen legg ein nesten ikkje merke til og eg vart overrsaka når eg såg at det var modent frø i topppen.   

Oca tilhøyrer gauksyrefamilien (Oxalidaceae) og det er lett å sjå med sine karakteristiske kløverlikande blad slik som vår norske art gauksyre (Oxalis acetocella). Til forskjell frå denne arten er det ikkje dei sure blada som er det interessante med oca, nei her er det rotknollane ein er ute etter. For oca dannar nokre knollar som liknar på nokre avstumpa gulrøter. Eg har enno ikkje smakt dei, men dei skal ha ein litt syrleg smak og kan tilberedast både kokt, baka, steikt, sursylta eller rå.  Oca er på lik linje med potet ei lite kravstor plante og er i heimlanda dyrka opp i 4000 m høgde. Ein vesentleg forskjell frå potet er at den først dannar knollar når daglengda blir kortare, og med det aukar faren for frostskade og dermed stopp i veksten. Eg opplevde dette i år, men heldigvis hadde det danna seg nokre knollar, og til neste år skal eg dekke den betre på hausten. Oca blir planta på same måten som potet ved at ein setter knollane i jorda, men sidan den krev ein lenger sesong enn potet kan det vere ein fordel å drive den inne på våren og plante ut når faren for frost er over. Den har ikkje store krav til jorda, men set nok mykje dei same krava som potet, ei heller litt sandete jord enn ei leirhalding.

Ulluco er den tredje framande planta frå Sør- Amerika eg prøvde å dyrke i år. På lik linje med Oca dannar denne og knollar på røttene. Desse skal ha eit kvitt til sitrongult kjøtt og ein nøtteaktig smak, og skal vere best i kokt form. Ulluco kan ha variasjon i forma på knollane, alt frå runde til avlange, og fargen på skalet kan vere gul, rosa, rød, purpur eller fleirfarga. Den kan dyrkast på same måte som potet og oca, og i hemlanda blir ofte både potet, oca og ulluco dyrka på det same jordstykket. Ulluco har same eigenskapen som oca at den danna knollar på røtene først når daglengda blir kortare. Dette gjer den veldig utsatt for tidleg frost, og det var ikkje store avlinga eg fikk i år då første frostnatta kom allerede tidleg i september. Til neste år vil eg nok dyrke denne under fiberduk for å skape eit betre mikroklima og forlenge sesongen. Ulluco er ein slekning av Malabarspinat og dei saftige blada kan og nyttast som ei bladplante for lett koking.

For dei som ynskjer meir informasjon om ukjende etandes planter frå Sør-Amerika kan eg anbefale å ta ein kikk i boka Lost crops of the Incas .

Til slutt kan eg jo nemne som ein kuriositet at eg har unghøner av rasen Araucana i hønsehuset, dette er ein rase frå Sør-Amerika og som det andre fargerike herifrå legg desse egg med turkisfarga skal, ikkje så ulik fargen til skalet på ulluco.    


Til venstre i biletet er Quinoa, øvst er oca og nederst 
er nokre få knollar av ulluco.
     

1 kommentar:

  1. Nice takk for informasjonen! Vil gjerne få tak i disse knollene selv for å dyrke dem, jeg fikk vite om Oca og det jeg søkte i google, skal sjekke der du fikk dem fra, men ellers... Er jeg litt rådvill. Det er vanskelig å importere knoller til Norge tenker jeg? Uansett, takk for informasjonen :)

    SvarSlett