8. apr. 2013

Utsyn frå kjøkenglaset

Måtte finne meg ein ny plass ved frokostbordet i morges, sola kikka opp over fjellet og rett inn gjennom vindauget og traff meg rett i fleisen. Elskar sola, men ikkje når den treff meg i augene og alt du ser er berre lys. Dermed så vart eg sitjane på ein plass eg vanlegvis ikkje sit, med utsyn i eit anna glas, litt pussig, men det gav eit nytt perspektiv på landskapet rundt og eg vart bokstavleg bergtatt.

Garden vår ligg i eit knutepunkt mellom to dalar slik at det er fjell på nesten alle kantar, og då snakkar eg om verkelege fjell og Storhornet er kjempa av dei alle. Den stig som ein mektig pukkel rett i det naturlege synsfeltet og ein kan ikkje la vere å leggje merke til det. Og det var dette fjellet som gjorde meg bergtatt i morges, sjølv om eg ser det nesten kvar dag, så var det nok sjølve perspektivet som bergtok meg. Storhornet var bada i sol og med kjøkenglaset som ramme vart det eit flott syn. Tenk å vere så heldig å ha noko slikt å kvile blikket på mens ein et sin frokost, eg har nok funne plassen min både ved bordet og sånn ellers.


1 kommentar:

  1. Hei:)
    Så artig å sjå fra Håvardgarden...er sjølv oppvokst oppi Lia...
    Nå har eg laget et Hagerom i Vestfold:)

    SvarSlett